Utdelingen av Jack London sin litterære ærespris for 2004

 

Kan den jødiske modellen hjelpa Vesten overleva?

 

Kevin Macdonald

 

Trykt nedanfor er den komplette avskrifti av professor Kevin Macdonald sin takketale, ”Kan den jødiske modellen hjelpa Vesten overleva?”, som han heldt då han mottok den fyrste Jack London sin litterære ærespris, tildelt oktober 31, 2004, under ei mottaking i Washington, DC. Jack London sin litterære ærespris, ein pris på opptil ti tusen dollar, blir tildelt til forfattarar som skriv for TOQ [The Occidental Quarterly, amerikansk tidsskrift] og som har verk som reflekterar den ekspansive og fryktlause åndi til Jack London, prisen er tilsikta å virka som ein promotor av dei tidlause verdiane til Vestleg sivilisasjon.

 

Fyrst har eg lyst å takka alle som var involvert i tildelingi. Det betyr mykje for meg. Eg tykkjer det er viktig å diskutera jødiske spørsmål so opent og ærleg som ein kan, og med so mykje intellektuell strengheit ein kan klara. Som ein stor amerikanar, Joe Sobran, ein gong skreiv;

 

Den fulle historien om [Pat Buchanan sin presidentkampanje i 1996] er umogleg å forklara so lengje det er tabu å diskutera jødiske interesser like opent som me diskuterer den kristne høgresida sine interesser... Ikkje det at jødane er allmektige, heller ikkje onde alle. Men dei er suksessrike, og derfor innflytelsesrike nok, makti deira er unik ved at ho er utafor grensa for det det er lov å kritisera, sjølv om ho er særs openlys. Dei oppfører seg sjølve som om suksessen deira er ein mørk hemlegheit, dei får panikk og tyr til anklagar, so snart temaet blir brakt på bana. Jødisk kontroll av dei største media i media sin alder gjer den påtvinga stillheiten både paradoksal og paralyserande. Overleving i det offentlege liv krev at ein både veit alt om dette, men aldri henviser til det. Ein hyklersk etikette tvingar oss til å lata som at jødane er makteslause offer; og visst du ikkje respekterar deira offerstatus, vil dei øydeleggja deg. Det er ein fenomenal oppvisning; ikkje av ondskap eigentleg, men voldsam etnosentrisme, ein slags fordekt rasebasert superpatriotisme. 1.

 

Eg er heilt einig i dette. Og denne siste delen av Sobran sin kommentar omhandlar direkte tema i talen min; er Jødedommen ein passande modell for Vesten sin overleving? Med det so meinar eg ikkje kun kulturelt, men òg etnisk. Eg har av og til blitt anklaga for å vera antisemitt. Men realiteten er at eg beundrar jødane stort som ei gruppe som har forfylgt sine eigne interesser i tusenvis av år, samstundes som dei beheldt sin etniske samanknyting og intensitet innan gruppeengasjement. Det har vore både opp- og nedturar i den jødiske lagnaden, det er heilt sikkert; men deira standhaftigheit, til tider ansikt til ansikt med drøye odds, og deira spektakulære suksess på det noverande tidspunktet er soleklart verdig etterlikning.

 

Å ta alvorleg ideen om jødedommen som modell for etnisk aktivisme er eit drøyt forlangande, det er heilt sikkert. Kva måtte me ta til å gjera som me ikkje gjer no?

 

Fyrst, me måtte utvikla ei sterk kjensle av oss sjølve som eit folk med interesser, interesser som ofte kjem i konflikt med andre sine interesser. Faktum er, sjølvsagt, at einkvar omtale av dei etniske interessene til euro-amerikanarar eller til og med europearar i Europa eller kvar som helst elles er garantert å bli møtt med forakt og anklagar om ”rasisme” eller moralsk nederdrektigheit. Desse anklagane er effektive fordi at om det er eitt område der den intellektuelle venstresida har vunne ein total og avgjerande siger, so er det i å patologisera dei etniske interessene til den europeiske majoriteten i USA. Ved ”patologisering” so meinar eg ikkje berre det at folk har blitt opplært til å tru med fullstendig vissheit at det ikkje er noko biologisk realitet i rase eller etnisitet, men at den minste forfekting av etniske sjølv-interesser av den europeiske majoriteten i USA er eit teikn på alvorleg moralsk defektar. Sanneleg, det er ein moralsk defekt so alvorleg at det er meir ei sak for psykiatrien enn noko anna.

 

So klart, ein slik haldning krev ein stor del hykleri, sidan forfekting av etniske interesser av europearar blir stigmatisert, samstundes som forfekting av etniske interesser av andre grupper er heilt trivielt og respektabelt. Som Virginia Abernethy nyleg skreiv;

 

Måli i det multikulturelle spelet er etnisk separatisme, etniske privilegium og etnisk makt. Eg tok til å innsjå at eg må spela det multikulturelle spelet, i det minste defensivt, visst ikkje vil eg og min familie og mine slektningar bli skadelidande. Det er det alle etniske grupper, utanom, hovudsakleg, euro-amerikanarar, gjer i desse dagar. 2.

 

Sanneleg, meksikanske aktivistar kunngjer høgrøysta deira mål om å re-erobra det sydvestlege USA via innvandring frå Mexico—ein begivenheit som heller openlyst vilde vera i den etniske interessa til meksikanarane men utvilsamt vilde kompromittera interessene til euro-amerikanarane. Jødiske organisasjonar, som var dei leiande i dei intellektuelle og politiske kampane for å patologisera dei etniske interessene til euro-amerikanarane, har òg vore djupt involvert i å organisera koalisjonar av etniske minoritetsgrupper til å hevda sine politiske interesser i Kongressen og i arbeidslivet. Den ekstensive jødiske innsatsen på vegne av sine etniske brør i Israel er legendarisk og kan berre beskrivast som eigna til å fylla ein med ærefrykt ved sin effektivitet.

 

So den fyrste tingen eikvar etnisk gruppe må gjera er å hevda sine etniske interesser openlyst og ærleg. Inntil nyleg, blei etniske interesser forstått intuitivt av alle, men ikkje formelt analysert. Det har òg sjølvsagt vore ein enorm innsats av den intellektuelle venstresida i å få alle overtydd om at deira rasjonelle oppfatningar om rase og etnisitet er ein illusjon. Som Frank Salter, Henry Harpending, og William Hamilton har vist, folk har ei interesse i si eigi etniske gruppe på nøyaktig same viset som foreldre har ei genetisk interesse i å oppfostra sine eigne ungar. 3.

 

Når vérdi sin befolkning blir samanlikna, er dei genetiske skilnadane mellom grupper signifikante—i gjennomsnitt, er dei omlag det same som slektskapen mellom besteforeldre og barnebarn. Med andre ord, i gjennomsnitt, er folk like mykje i slekt med andre medlemar av si etniske gruppe oppimot resten av vérdi som dei er i slekt med sine besteforeldre oppimot resten av si eigi etniske gruppe.

 

Det dette tyder er at det er særs rasjonelt å føreta ekstreme oppofringar for vår etniske gruppe. Og eg har lyst til å understreka dette. På grunn av det store antalet av etniske sysken, fleire hundre millionar, kjem me faktisk mykje betre utav det frå eit etnisk synspunkt dersom me har ein positiv påverknad på framtidi til vår etniske gruppe enn visst me lukkast i å fostra opp våre eigne ungar. Ekstreme sjølv-offer er totalt rettferdiggjort og rasjonelt dersom det har ein positiv effekt på vår etniske overleving. Eg tykkjer det er noko me alle skal ha i sinne når me planlegg våre framtidige livslaup.

 

Den beste måten å forsvara etniske interesser på er å forsvara eit landområde mot innvandring av andre etniske grupper. Den store historien omkring innvandring sidan Andre verdskrigen er sjølvsagt at dei rike Vestlege samfunni med økonomiske moglegheitar og eit høgt nivå av offentlege gode, slik som helsevesen og utdanning, er magnetar for innvandring frå resten av vérdi. Me må aldri gløyma, og burde vera utruleg stolte av det faktum at Vestlege samfunn fungerar som magnetar nøyaktig på grunn av den spektakulære suksessen folk av europeisk herkomst har hatt i å laga den vitskapen og teknologien som er grunnlaget for den enorme eksplosjonen av rikdom og for gjennombroti innan offentleg helse. Og det seier seg sjølv at me burde òg vera umåteleg stolte av den ekstraordinære blømingi innan europeisk høgkultur som fleirfaldige gonger har frambrakt geni som Bach, Beethoven, Wagner og Shakespeare. Jødisk stoltheit i deira eigen kultur er soklart ein særs viktig del av den jødiske tradisjonen, og det er sanneleg noko me bør etterlikna. Tragisk nok, ein av primæreffektane til kritikkulturen har vore å frambringa enorm skuld blant særs mange europearar omkring deira eigen kultur, deira eigen historie og deira eige folk.

 

Uansett, fordi Vestlege samfunn fungerar som kraftige magnetar på innvandring og fordi me ikkje har gjort noko for å forsvara oss mot dette kraftige angrepet, vil resultatet blir fortrenging av den grunnleggjande befolkningi, ikkje berre i USA, men òg i Australia, Canada, og gjennom heile den Europeiske Unionen. Dersom den noverande trenden i USA held fram, er den grunnleggjande europeisk-avstamma befolkningi fastsett til å bli ein minoritet innan midten av dette århundre, i Storbrittanien er drukningsdatoen berre to generasjonar seinare.

 

I å mobilisera ei kjensla av etniske interesser, har europearane ei stor ulempe samanlikna med jødane. Eit særs slåande trekk ved jødiske grupper er deira intense etnosentrisme---det eg kallar hyper-etnosentrisme. 4. Eg har stilt til rådigheit særs mange eksempel på dette i min forfattarskap. Jødisk etnosentrisme er ein kritisk bestanddel i deira suksess fordi den er av fundamental betydning for deira evne til å konstruera høgt fokuserte nettverk innan politikk, kunst, media og samfunnsvitskap---alle dei kritiske maktsentri i den moderne verdi. Det som kanskje har vore hovudfokus i min forfattarskap har kort og godt vore å beskriva korleis desse nettverki opererar og dei ekstraordinære effektane som dei har oppnådd, frå å laga kritikkulturen og, meir nyleg, Holocaustkulturen, i tillegg til den noverande innsatsen til USA i å transformera politikken i Midt-Austen til noko som gagnar Israel sine interesser.

 

Me burde ikkje gløyma at den store kjelda for moderne jødiske befolkningar var dei religiøst fundamentalistiske jødiske befolkningane i Aust-Europa i det nittande århundre. Desse fundamentalistane avviste med stor vigør det assimiliserande presset frå dei omkringliggjande regjeringane. Langt inn i det tjuande århundre kunde ikkje det store fleirtalet av Austeuropeiske jødar tala språket til ikkje-jødane som budd rundt dei. 5. Korresponderande til denne intense inn-gruppe kjensla var holdningar om at ikkje-jødane var mindre menneskelege. ”Som ein berømt rabbi uttrykte det; ”Ein ikkje-jøde har ikkje eit hjarta, sjølv om han har eit organ som liknar på eit hjarta”. 6.

 

Denne dampande sentralen av intens etnosentrisme var opphavet til alle dei viktige jødiske rørslene, inkludert politisk radikalisme og sionisme. Mange av dei tidlegare sionistane hadde klårt uttrykte rasebaserte holdningar der jødane var ein unik og overlegen rase. Eit godt døme er Vladimir Jabotinsky. Jabotinsky var ein viktig tidleg sionist og han er den åndelege føraren til Likud-partiet i Israel og deira leiarar---folk som Sharon, Begin og Shamir. Han er òg helten til mange amerikanske nykonservative. Eg oppdaga just nyleg at den nykonservative patriarken Leo Strauss var ein av Jabotinsky sine tilhengjarar. Jabotinsky var djupt etnosentrisk, han meinte at jødane var forma av sin lange historie som eit ørkenfolk og at etableringi av Israel som ein jødisk stat vilde tillata naturbegavelsen til den jødiske rasen å bløma, han uttalte, til dømes; ”Desse naturlege og fundamentale skilnadane nedstøypt i rasen er umogleg å utrydda, og blir konstant ernært av skilnadane i jordsmonn og klima” 7. Det som er slåande er at i realiteten heile det organiserte jødiske samfunnet i USA er alliert med Likud-partiet og busetjarrørsla i Israel, som har leiarar som openlyst forgudar Jabotinsky.

 

Som ein europear i eit samfunn som snøgt blir ikkje-europeisk, kan eg sympatisera med Jabotinsky sin misunning ovanfor dei innfødde slaviske folki han observerte i det tidlege tjuande århundre. Han skreiv:

 

Eg ser på dei med misunning. Eg har aldri kjent, og vil aldri kjenna, denne totalt organiske kjensla: so samla og bemerkelsesverdig [er denne] kjensla av eit heimland, der alt flyt saman, fortidi og notidi, legendene og håpi, det individuelle og det historiske. 8.

 

Alle nasjonar, siviliserte eller primitive, ser på landområdi sine som sin nasjonale heim, der dei aktar å forbli som einerådande husvert for alltid. Ein slik nasjon vil aldri med velvilje godta nye husvertar eller eingang kompaniskap. 9.

 

Det er minnet om denne snøgt svinnande kjensla av historisk rotfastheit, kombinert med ei kjensle av føreståande bortvising, som ligg ved roti til det illebefinnande som mange europearar erfarar, ikkje berre i USA men òg andre plassar. Sionismen sin triumf tok berre femti år frå Herzl sin inspirasjon til grunnleggjingen av staten Israel. Det er ein tendens til å oversjå eller ignorera den sterke etnosentrismen ved sjølve hjarta til sionismen som motiverte folk som Jabotinsky, og særskilt den amerikanske jødiske samfunnet, som har vore fast beslutta gjennom heile det tjuande århundre på å patologisera og kriminalisera dei skjøre antydningane til etnosentrisme blant europearane.

 

Men det som tel er at sionistane lukkast. Israel hadde ikkje blitt ein stat utan eit stort antal djupt etnosentriske jødar viljuge til å engasjera seg med eitkvart middel tilgjengeleg for å vekkja til live draumen deira; ein stat som kunde vera ein reiskap for deira etniske interesser. Den hadde ikkje oppstått utan dei mest radikale blant dei---folk som Jabotinsky, Begin, Shamir, Netanyahu, Sharon og deira støttespelarar---ei gruppe som no inkluderar heile det organiserte jødiske samfunnet. Den føreståande forvitringi til europearane kan kun unngåast dersom folk som dei kan finnast blant den politiske klassen hjå europearane.

 

Europeiske befolkningar som tillet seg sjølve å bli erstatta av andre spelar eit særs farleg spel---farleg fordi den lange historien om etniske stridigheitar ikkje gir dei noko garanti for framtidi. Oppgjennom historien har det vore ein tendens for den etniske gruppa som har majoriteten til å undertrykkja minoriteten. Eit blikk på jødisk historie er nok til å få ein til å innsjå farane som møter ei etnisk gruppe forutan eit statleg- og politisk apparat til å verna om sine interesser. Det organiserte jødiske samfunnet i USA er fullt klar over dette og har teke i bruk ein to-pola strategi: territorialt forsvar og utviding av staten Israel som eit etnisk heimland, og fremjing av erstattingi og umyndiggjeringi av den europeiske befolkningi i den Vestlege vérdi. Beggje desse prosjekti har hatt ein betydeleg grad av suksess.

 

Ein treng ikkje å ha ein overaktiv fantasi for å sjå at koalisjonar av etniske minoritetsgrupper kan koma til å kompromittera interessene til dei tidlegare dominante europeiske gruppene. Me har allereie sett fleirfaldige eksempel på at minoritetsgrupper prøver å påverka dagsorden, inkludert innvandringspolitikk, mot interessene til den europeiske majoriteten. Og me må innsjå at å plassera oss i ein sårbar posisjon vil vera ekstremt risikabelt, med tanke på den inngrodde kjensla av historiske klagepunkt som mange etniske aktivistar ber på mot europearane.

 

Dette er spesielt tilfelle med jødar, og jødane har soklart vist ein tendens til å bli ein del av eliten i dei Vestlege samfunni. Me har nyleg sett rapportar i pressa om religiøse jødar som sputtar på kristne symbol i Israel, og dermed gjenopplivar ein urgamal jødisk praksis. 10. Sanneleg, hat mot alt europeisk er normgivande blant eit stort antal høgt dedikerte jødar. 11.  Eg kom nyleg over ei utsegn frå Dov Fischer, visepresident i Den Amerikanske Sionistiske Organisasjonen, [Zionist Organisation of America] i Forward, ein veldig prestisjeprega jødisk publikasjon, i 2002:

 

Sjølv om me set meir pris på eit halvt århundre med vesteuropeisk demokrati enn me sette pris på det fôrutgåande tusenåret med europeisk brutalitet     , so innser me kven dei er, kva dei har gjort---og kva som er kva. Me veit, om ikkje dei gjer det, at dei treng arabisk olje meir enn dei treng jødisk filosofi og kreativitet. Me har i minnet at maten dei et er utvaksen av jord som er gjødsla med to tusen år med jødisk blod dei har sprinkla utover ho. Atavistisk jødehat blir hengande i den lufti der oska flaug ut frå krematoriumi. 12.

 

I tillegg til koalisjonar av etniske minoritetar, er hovudfaren som europearane står ovanfor det at rike og mektige europeiske elitar ofte ikkje er klar over, eller ikkje verdset sine eigne etniske interesser. Rike og mektige folk har mykje større potensial for å fremja eller hindra etniske interesser. I den Vestlege verdi sidan 1965, har mange elitepolitikarar og handelsinteresser opptredd slik at dei har undergreve dei etniske interessene til sine eigne folk ved å tillata, og til og med fremja masseinnvandring av ikkje-europeiske folkeslag. Ein grunn kan vera at desse Vestlege elitane vilde bli dei siste til å lida personleg av etnisk fordriving sidan dei er i stand til å leva bak inngjerda bustadområde verna frå resten av vérdi. Mange andre har inngått personlege og politiske alliansar med ikkje-europeiske elitar som har fremja deira eigne interesser med den prisen at dei har totalt ignorert deira eigne enorme familie av etniske slektningar. Denne ekstreme individualismen er eit tragisk mistak for alle etniske europeiske folk, inkludert elitane sjølve, som taper utallege millionar med etniske blodsfeller ved å promotera masseinnvandring av ikkje-europeiske folk.

 

Rike og innflytelsesrike jødar har eit langt rulleblad når det gjeld forsøk på å fremja interessene til si eigi etniske gruppe. Og jødane er sanneleg ei særs eliteprega etnisk gruppe. Sjølv om jødane utgjer mindre enn tri prosent av befolkningi [i USA], utgjer dei meir enn ein fjerdedel av folki på listene til Forbes over dei fire hundre rikaste amerikanarane. Generelt, har rike jødar eit langt rulleblad når det gjeld donering til jødiske saker. 13.

 

Jødiske organisasjonar er overdådig finansiert. I 1996, var det i overkant av tri hundre nasjonale jødiske grupper i USA, med eit kombinert budsjett bedømt til å vera i området rundt seks milliardar amerikanske dollar--- ein sum som overgår BNP’en til meir enn halvparten av medlemmane til FN. 14. Organisasjonen ”The Anti-Defamation League” [amerikansk jødisk organisasjon til fremjing av jødiske interesser og bekjemping av antisemittisme] har eit årleg budsjett på over femti millionar amerikanske dollar. Irving Moskowitz finansierar ikkje berre busetjarrørsla og landkjøp i Israel, men han stør òg opp om organisasjonen ”the American Enterprise Institute” [jødisk tenkeboks i USA] ved å finansiera folk som David Wurmser, som er eit framståande medlem av den særs innflytelsesrike nykonservative gruppa som har snudd USA sin utanrikspolitikk om til det som i praksis er den israelske høgresida sin våpenarm. Moskowitz stilte til rådigheit dei pengane som mogleggjorde opningi i 1996 av ein tunnel under Tempelhøgdi, noko som resulterte i sytti daude på grunn av opptøy, starta intifadaen, og til slutt leidde til Ariel Sharon sitt val som Israel sin statsministar. Han finansierar òg ”the Jewish Institute for National Security Affairs”, ein lobbyorganisasjon som er dedikerte til å oppretta nære samband mellom Israel og dei amerikanske militær- og forsvarsfirmai. Edgar Bronfman finansierar ”[the] Jewish World Congress”, medan Charles Bronfman, Ronald Lauder, og den berykta Marc Rich finansierar ”Birthright Israel”, eit program som siktar mot å auka etnisk bevisstheit blant jødar ved å frakta tjue tusen unge jødar til Israel kvart år. 14.

 

So vidt eg veit, er det ingen store kjelder til finansiering sikta mot å auka etnisk bevisstheit blant europearar eller til å promotera europeiske etniske interesser. Det er heilt sikkert at dei store kjeldane av konservativ finansiering i USA, slik som Bradley og Olin-stiftingane, ikkje tek sikte på å vera noko slikt. Sanneleg, desse stiftingane har vore ei stor kjelde til finansiering av den hovudsakleg jødiske nykonservative rørsla og for pro-israelske tenkeboksar slik som ”Center for Security Policy”.

 

Eit utmerka eksempel på ein etnisk bevisst velståande jøde er Haim Saban, som nyleg blei profilert i The New York Times. Herr Saban kontrollerar det største mediefirmaet i Tyskland. Saban har laga kontroversar i England, då han offentleg uttrykte si interesse i å kjøpa ITV, landet sitt største kommersielle nettverk, samstundes som han anklaga sine konkurrentar, inkludert BBC News, for pro-arabisk nyheitsdekning. Han såg på sin akkvisisjon av ein dominant stilling i Tyskland som noko som vilde gagna Israel i det lange laup. Han ser tydeleg ikkje berre på eigarskap av media som noko han kan tena pengar på, men òg ein måte å påverka innhald på ved å fremja jødiske saker. The Times beskreiv han som ”kanskje den filmmagnaten med best politiske kontaktar i Hollywood”---og det seier ein heil del. Han blir beskriven som ein som ”legg press på, og kastar pengar sine omkring seg i Washington og, i aukande grad, vérdi, der han prøver å påverka alt som har med Israel å gjera”. ”Eg er kun fokusert på ein sak, og den saki er Israel”. For å nå det målet, har han blitt ein av dei største individuelle gjevarane til det Demokratiske Partiet og deira kandidatar i landet, han har gitt millionar av dollar det siste tiåret---7 millionar dollar i berre ei gåve til den Demokratiske Nasjonal Kommittéen i 2002. Han mengar seg med John Kerry og han ferierar med Bill Clinton. Det er sanneleg slåande at Bill Clinton er dokumentert der han uttrykker særs positive haldningar omkring massiv innvandring og den føreståande minoritetsstatusen til hans eige folk, medan han vedlikeheld eit nært samband med ein velståande jødisk etnisk aktivist fast beslutta på å fremja dei etniske interessene til jødane. Ein kan meir eller mindre sei det same om heile den politiske klassen i USA. Det er, trur eg, ein likning for vår tid.

 

Saban er langt frå eineståande. Til dømes, i Canada, der den avdaude Israel Asper, styreleiar for CanWest Global Communications Corp, nytta sitt media imperium til å fremja pro-Likud politikk og straffa journalistar for eitkvart avvik frå den strengt pro-Israelske redaksjonelle lina. 16. I min forfattarskap har eg prøvd å visa at jødisk involvering i media har påverka innhald---at media i USA har reflektert jødiske haldningar om multikulturalisme og alle jødiske saker, særskilt Israel, og negative haldningar mot Kristendom, europeisk etnosentrisme, europeisk kultur og særskilt kulturen til det amerikanske Sør og Midtvesten. 17.

 

Poenget er at jødiske elitar har vore enormt innflytelsesrike i å fremja interessene til folket sitt. Dette er sanneleg eit mål verdig etterlikning.

 

Det beste viset å verna om etniske interesser på er ved å forsvara ein etnostat---ein nasjon som er eksplisitt berekna på å preservera dei etniske interessene til sine borgarar. Frå eit etnisk synspunkt, er det eit stort problem ved massiv innvandring at det er sannsynleg at det blir ein auke i etnisk konkurranse. Multikulturelle samfunn tillet etnisk mobilisering fordi dei uvegerleg blir til heksegryter av konkurrerande etniske interesser.

 

I dette særs farlege spelet om etnisk konkurranse, er nokre grupper betre førebudde enn andre. Etniske grupper er ulike når det gjeld intelligens og evne til å utvikla og kontrollera økonomiske ressursar. Dei er ulike når det gjeld nivå av etnosentrisme, i kva grad dei er mobiliserte for å oppnå gruppe-interesser, og i kor aggressivt dei oppfører seg mot andre grupper. Dei er ulike når det gjeld antal, fruktbarheit, og i kva grad dei oppmuntrar til ansvarleg oppfostring av born. Og dei er ulike i mengd land og andre ressursar som blir halde til eikvar tid og i deira politiske makt.

 

Med slike skilnadar i spel, er det mildt sagt vanskeleg å sikra fredfulle relasjonar mellom etniske grupper. Til og med å ivareta ein status quo innan territorium og ressurskontroll er særs vanskeleg, noko ein kan sjå ved det skjebnesvangre forsøket til amerikanarane i å oppnå ein etnisk status quo med innvandringslovi av 1924. 18. Å akseptera status quo vilde heller ikkje vera i interessene til grupper som nyleg har tapt land eller status; heller ikkje er det truleg at det er akseptabelt for grupper med relativt låge antal folk og lågt nivå av ressurskontroll; heller ikkje vilde ein status quo sannsynlegvis vera akseptabelt for grupper tilbøyelege til høg fruktbarheit. Likevel ser alternativet---at alle menneskjer gir avkall på deira etniske grupperlojalitet---mildt sagt utopisk ut.

 

Og med tanke på at visse etniske grupper---særskilt dei med høge nivå av etnosentrisme og mobilisering---utan tvil kjem til å halda fram å fungera som grupper inn i overskodeleg framtid, er einsidig avkall på etniske lojalitetar av nokre grupper einsbetydande med deira kapitulasjon og nederlag---den Darwinistiske blindvegen innan evolusjon. Framtidi, vil dermed, som fortidi, uvegerleg bli ein Darwinistisk konkurranse der etnisitet spelar ein stor rolle.

 

Alternativet som møter europearane i heile Vesten er å plassera seg sjølve i ein uhyre sårbar posisjon der deira lagnad vil bli bestemt andre folk, mange av dei folk med djupt historisk betinga hat mot dei. Europearane sin fremjing av sin eigen fordriving er den ultimate dumskap---eit historisk feilgrep av katastrofale proporsjonar.

 

Kevin Macdonald er professor i psykologi, ved California State University – Long Beach, og forfattaren bak ein trilogi om jødedom som evolusjonær strategi: A People That Shall Dwell Alone (1994), Separation and its Discontents (1998), og The Culture of Critique (1998), alle publisert av Praeger i 1994-1998. Ei revidert utgåve av The Culture of Critique (2002), med ein utvida introduksjon, er tilgjengeleg i ei kvalitetsutgåve med papirinnbinding frå www.1stBooks.com eller www.amazon.com.

 

SLUTTNOTAR

 

1. Sobran, J. (1996). The Buchanan frenzy. Sobran’s (March), 3.

2. Abernethy, V. D.(2004). Arizona illegals (letter to the editor), Washington Times (October 1).

3. Salter, F. K. (2004). On Genetic Interests: Family, Ethny, and Humanity in an Age of Mass Migration. Frankfurt Am Main, Germany: Peter Lang.

4. MacDonald, K. B. (2003). Understanding Jewish Activism I: Background Traits for Jewish Activism. The Occidental Quarterly 3(2) (Summer), 6–7.

5. MacDonald, K. B. (2003). Understanding Jewish Activism II: Zionism and the Internal Dynamics of Judaism. The Occidental Quarterly 3(3) (Fall), p. 20.

6. Mahler, R. (1985). Hasidism and the Jewish Enlightenment: Their Confrontation in Galicia and Poland in the First Half of the Nineteenth Century.  Philadelphia: Jewish Publication Society of America, p. 17.

7. Shavit, Y. (1988). Jabotinsky and the Revisionist Movement, 1925–1948. London: Frank Cass & Co. Ltd., 112.

8. Ibid., p. 116.

9. Wheatcroft, G. (1996). The Controversy of Zion: Jewish Nationalism, the Jewish State, and the Unresolved Jewish Dilemma. Reading, MA: Addison-Wesley, p. 207.

10. Barkat, Amiram. (2004). Armenian archbishop quizzed over spat with yeshiva student (Oct. 11),
http://www.haaretzdaily.com/hasen/spages/486934.html

11. MacDonald, K. B. (1998/2002). The Culture of Critique: An Evolutionary Analysis of Jewish Involvement in Twentieth-Century Intellectual and Political Movements. Westport, CT: Praeger; paperback version: Bloomington, IN: 1stbooks Library, 2002; MacDonald, K. B. (2003). Understanding Jewish Activism I: Background Traits for Jewish Activism. The Occidental Quarterly 3(2) (Summer), p. 14.

12. Fischer, D. (2002). We’re right, the whole world’s wrong. Forward (April 19).

13. MacDonald, K. B. (2003). Understanding Jewish Activism I: Background Traits for Jewish Activism. The Occidental Quarterly 3(2) (Summer), p. 22.

14. Goldberg, J. J. (1996). Jewish Power: Inside the American Jewish Establishment. Reading, MA: Addison-Wesley.

15. MacDonald, K. B. (2003). Understanding Jewish Activism I: Background Traits for Jewish Activism. The Occidental Quarterly 3(2), p. 22.

16. Ibid., p. 24.

17. Sorkin, A. R. (2004). Schlepping to Moguldom. New York Times (Sept. 5).

18. MacDonald, K. B. (2004). Was the 1924 Immigration Cut-off “Racist”? VDARE (June 19), http://www.vdare.com/misc/macdonald_1924_immigration.htm